Sivilarkitekt Liv Kildahl vert tilsett i Geoplan AS frå 1.september 2023!

Ho skriv følgjande om seg og sitt virke:

"Med lang og brei erfaring som arkitekt flytter eg no heim igjen til Kvam. Gleder meg til å begynna hos Geoplan.

 

Både små og store hus, bustader, næringsbygg og skular har eg som arkitekt teikna og prosjektert. Erfaringa mi omfattar alt frå planprosessar og skisseprosjekt, til konkrete bygg med detaljering og byggeplassoppfølging.

 

Dei siste åra har eg vore tilsett hjå entreprenør som prosjekteringsleiar. Slik har eg nær og god kjennskap til entreprenørsida, men også til byggherre og brukarar gjennom gode samspelprosessar. Har erfaring fra fleire prosjekt som er Breeam-sertifiserte som Excellent. Siste prosjektet har også status som kulturminne, der har godt samarbeid med byantikvar og byarkitekt har vore avgjerande.

 

Ser fram til å få nye utfordringar i Kvam."

 

Me gleder oss til sosialt og fagleg supplement og ønskjer Liv hjarteleg velkomen til kontoret.